Velkomen til heimesida mi

Her kan du ta del i noko av det som er min veg i livet


Eg skriv om min livsveg med psykiske og kroppslege helseutfordringar, og om erfaringar og lærdom eg har fått med meg på vegen. Eg skriv også om ulike tema relatert til helse og helseutfordringar generelt, og om saker og ting i samfunnet som opptek meg. Eg har levd nesten heile mitt vaksne liv med psykiske helseplager. Eg fekk min første alvorlege depresjon i 1996. Då var eg 28 år gamal. Eg visste sjølvsagt ikkje då at dette skulle prege livet mitt i lang, lang tid. Etterkvart fekk eg diagnosen tilbakevendande depresjon, med nokre følgediagnoser i tillegg. 

No er eg i mitt 56 år, og desse psykiske utfordringane er framleis ein del av det å vere meg. Med åra har eg også fått kroppslege helseplager med sterke smerter, og til slutt måtte eg ta den tunge vegen ut av arbeidslivet.
Gjennom mange år med terapi i psykiatrien har eg lært mykje. Eg har lært om mine eigne psykiske lidingar. Eg har lært å forstå dei. Eg har lært om metodar og verktøy som kan hjelpe meg. Eg har lært meg sjølv å kjenne som den personen eg er, med dei utfordringane eg har. Eg jobbar kognitivt med meg sjølv. Bevisstgjering av tankar og korleis dei påverkar, hjelper meg med å handtere både psykiske og kroppslege plager. Eg deler av erfaringar og lærdom eg har teke til meg, og eg håper at andre kan finne nytte i det. Eg er glad i ord og det dei kan formidle. Difor har eg sider i bloggen min der eg deler dikt og visdomsord. Eg er også glad i å fotografere den flotte naturen me har rundt oss, og har eit fotoalbum der eg deler noko av det eg har fanga med kamera. Les og sjå om du vil.

Med venleg helsing

Wenche Frantzen