Å akseptere

19.05.2021

Å akseptere - akseptere at ein er som ein er, og at ein har det som ein har det. Dette er noko eg har jobba mykje med i mange år. Eg har lært meg å akseptere depresjonsdiagnosen min. Eg har lært meg å leve med at eg får nedturar. Nokre gongar ein og annan dag. Nokre gongar i lengre periodar. Nokre gongar tung depresjon. Nokre gongar lettare depresjon. Eg har lært meg å akseptere at det er ein del av det å vere meg.

Eg har også til dels akseptert dei kroppslege plagene mine. Men eg har dagar og periodar der eg blir frustrert og fortvila over at eg ikkje greier å gjere det eg har lyst til. Eg kan finne det vanskeleg å akseptere at kroppslege plager bestemmer over meg. Av og til er det slik - at kroppen ikkje vil det som eg vil. Når ekstrem trøtthet og sterke smerter hindrer meg i å gjere det eg har lyst til, kan det vere vanskeleg å akseptere. Det påverkar også kjenslene mine. Fordi tankar om det eg vil og treng å få gjort, kverner og blir til eit tankekaos som kan vere vanskeleg å legge bort. Det tar all  merksemd og fokus. Og slike tankar om det eg ikkje mestrer, fører til tunge kjensler. 

Når kroppen ikkje fungerer, har eg ofte ikkje noko val. Eg makter rett og slett ikkje å gjere noko særleg. Det er kroppen som bestemmer rammene for kva som er mogleg. Og det hjelper meg slett ikkje at eg "pisker" meg sjølv med tankar om det eg vil, men ikkje makter. Tvert om. Det skaper eit indre stress som etterkvart blir til tungsinn. Dette veit eg. Eg veit det veldig godt. Eg har erfaringer på dette. Eg kjenner det igjen kvar gong. Eg merker at det hender, og eg forstår kva som hender. Likevel kan eg bli fanga inn i negativitet og tungsinn.

Men så veit eg jo veit også kva som vil hjelpe meg gjennom dårlege dagar og periodar. Å akseptere - akseptere at dei kroppslege plagene av og til er av ein slik art at eg ikkje kan fungere som eg helst vil. Det vil spare meg for mange negative tankar.  Når eg greier å akseptere det, får eg meir ro. Tankane mine legg seg meir til ro. Eg kan la vere å "piske" meg sjølv med tankar om alt det eg vil, men ikkje makter. Og når slike tankar ikkje får merksemd og fokus, sparer eg meg også for synke langt ned i tungsinn.

Å akseptere - akseptere at eg har kroppslege plager med smerter som av og til hindrer meg i å gjere det eg har lyst til. Akseptere at no er dette også ein del av det å vere meg. 

Eg har ikkje hatt kroppslege plager så lenge som dei psykiske plagene. Difor hender det rett som det er at eg blir fanga i negativitet og tungsinn når dei kroppslege plagene hindrer meg. Eg har framleis ein jobb å gjere med dette. Men nokre gongar får eg det til. Eg får til å akseptere ein vanskeleg dag. Ein vanskeleg periode. Så eg veit at eg kan. Eg kan greie å akseptere at dei kroppslege plagene mine av og til skaper hinder for meg. Eg kan det, men eg treng å jobbe vidare med dette. For eg veit at det å akseptere kan gjere ein dårleg dag litt mindre dårleg. Og generelt sett vil det å akseptere at eg er den eg er med dei plagene eg har, gjere livsvegen litt lettare å gå.