Å bli sett og forstått

13.11.2022

Det gjer godt når eit menneske i hjelpeapparatet ser og forstår. Eit menneske som ser kva eg treng. Eit menneske som ikkje fokuserer så mykje på den der "fake it til you make it" - greia, men seier at det er greitt å berre vere der eg er no. At det er greitt å bruke tid før neste steg. 

Livet har endra seg. Det har fått avgrensingar. Andre rammer. Eg klarer ikkje alt det eg klarte før. Eg må omstille meg. Og det tek tid. Eg må byrje litt på nytt. Finne ein annan veg. Eg forstår det og har også teke inn over meg den erkjennelsen. Men eg treng tid på å akseptere det. Akseptere det fullt ut. Eg har teke det steget å erkjenne det.  Det er eit stort steg å ta. Og eg treng å stoppe opp litt før eg kan gå vidare. Eg treng å vere i erkjennelsen ei stund.  Bli ferdig med kjensla av å sørge over det som ikkje kan bli som det var. Finne ro og krefter til å ta neste steg, som er å akseptere det. 

Å akseptere at eg ikkje kan alt det eg kunne før, er ikkje lett. Eg må jobbe med eigne forventningar. Eg må jobbe med måten eg tenker på. Legge vekk tankar som ikkje lenger er hensiktsmessige, og fokusere på tankar om det eg framleis kan. Og eg må lære meg å tenke nytt. Når eg skal byrje litt på nytt, må eg også tenke nytt. Tenke annleis enn før. Det er ein prosess som også tek tid. 

Eg skal dit. Eg skal ta neste steg, som er å akseptere. Når eg er klar. Eg treng den tida eg treng. Og det gjer godt å ha eit menneske i hjelpeapparatet som seier at det er greitt. Eit menneske som støttar meg i at eg kan gje meg sjølv den tida eg treng før eg går vidare med neste steg.