Å finne kvalitet i livet her og no

04.08.2022

Det hender at eg reflekterer over korleis livet mitt har endra seg dei siste åra. No og då kjenner eg på tap og sorg over det eg har mista. Eg har mista fellesskap og aktivitet som eg hadde i arbeidslivet, kjensle av å bidra, gjere noko viktig. Eg har mista fellesskap og aktivitet som eg hadde gjennom organisasjonsarbeid. Mine kroniske helseplager tvinga meg ut av arbeidslivet, tvinga meg til å justere ned aktivitetsnivået. Eg har også nådd ein alder der eg ofte høyrer om menneske eg ein eller annan gong har hatt ein relasjon til, blir alvorleg sjuke. Eg høyrer om at menneske på min eigen alder og litt eldre går bort. Om eg ikkje lenger har nær kontakt med mange av dei, kan eg kjenne på tristhet og sorg over at dei ikkje er her lenger.

Det hender at eg tenker på alt dette, og då er det lett for å sjå på livet som ein bratt motbakke. Kjenne på motløyse. Miste håpet av syne. Eg får såre kjensler over det eg har mista. Eg kan tenke at livet ikkje har kvalitet. Eg gjev meg sjølv lov til kjenne på dette. Eg meiner at eg har rett til å kjenne ei sorg over det eg føler at eg har mista. Men eg veit at eg må passe meg for å bli i det. Eg veit at eg på eit tidspunkt må stoppe desse tankane. Eg må løfte blikket og sjå på det livet eg har. Eg skal leve det livet som er - her og no.

Eg har mista mykje. Det er ein realitet. Eg kan ikkje gjere alt det eg kunne før. Men det livet eg har, kan også gje meg noko. Det kan ha kvalitet. Eg kan gje det kvalitet. Eg har mykje bra rundt meg som kan tilføre livet mitt kvalitet. Det kan vere utfordrande å få til, fordi det krever noko av meg. Det krever initiativ. Det kan kreve at eg må "pushe" meg sjølv. Eg må sjølv ta ansvar for å oppsøke det som gjev livet kvalitet. I dårlege periodar kan det vere ei utfordring.  Når ein har faste forpliktelser som jobb og fritidsaktiviteter, faste og ordna fellesskap, er det gjerne lettare å finne kvalitetane. Det går liksom litt av seg sjølv. Når funksjonsnivået justerer ned mykje i livet, må ein sjølv sjå etter og finne fram til noko som gjev livet kvalitet. Og ein må sjølv ta ansvar for å ta det inn i livet sitt. Med nedsett funksjonsnivå, er det også viktig å justere ned forventningane til kva ein kan få til, justere ned forventningar og meiningar om kva som er livskvalitet.

Første steg er å akseptere. Akseptere den ein er her og no. Akseptere det livet som er. Andre steg er å justere ned forventningane til kva som er er kvalitet og mestring. Verdsetje all mestring og gje det kvalitet, samme kor lite det kan virke. Tredje steg er lære seg å sjå etter det som, tross alt, er positivt i det livet ein har no.

Ein må vere villig til å jobbe med seg sjølv for å få til dette. Og det tar tid. Men det er mogleg. Det er mogleg å jobbe seg fram desse tre stega. Og når ein har tatt dei, kan det opne seg nye landskap langs livsvegen. Landskap som ein vil og kan gå inn i, og finne at her er også kvaliteter. Ein kan gå vidare framover på livsvegen sin.