Å gje seg kan vere til det beste

12.11.2023

For ei tid tilbake tok eg eit val. Eit val om endring. Endring av noko konkret. Eg ville prøve å nedjustere dosen av smertedempande medikament. Medikament har biverknader, og eg ville prøve om ei nedjustering kunne ha positiv effekt på den generelle livskvaliteten.

Nedtrapping gradvis. Litt ned kvar veke, Dei to første vekene gjekk det bra. Eg fekk litt meir energi og overskudd. Eg kunne vere meir sosialt aktiv. Og det påverka også til ein lettare sinnsstemning. Men så, den tredje veka, var smertene der. Ein høg smertegrad som hindra meg i å leve livet ute blant andre. Fokus kun retta mot å tåle smertene. Isolasjon, fordi eg ikkje kunne klare alle inntrykk det inneber å delta i livet "der ute."

Slik vil eg ikkje ha det. Eg kan ikkje ha det slik. Eg kan ikkje sitje meir eller mindre isolert, fanga i smerter og negative tankar. Den psykiske helsa mi tåler ikkje det. Ikkje i lengden. Så det valet eg tok for ei tid tilbake - det prosjeketet eg starta - blir stoppa. Eg erfarer heilt tydeleg at eg treng ein viss dose av smertedempande medikament. Biverknader, ja. Men likevel.... Når eg veg smerter opp mot ein viss grad av biverknader, er det for meg ingen tvil om at dei sterke smertene tek meir av livskvaliteten enn det biverknader av medikament gjer.

Så eg har teke eit nytt val. Eg veljer å bruke smertedempande medikament, i den dosen som held smertegraden på eit nivå som eg kan tåle å leve med. Om noko livskvalitet blir forringa av litt biverknader, har eg likevel betre livskvalitet enn det eg har med høg smertegrad.

Slik er det. Slik er det å vere meg, med dei samansette plagene eg har. Psykisk og kroppsleg. Det heng saman og påverkar kvarandre.

Sjølvsagt ville eg gjerne kunne klare meg utan bruk av medikament. Men det kan eg ikkje. Eg treng visse medikament for å ha livskvalitet. Difor veljer eg å akseptere det. Og eg veljer å vere takksam for at det finst medikament som hjelper meg. Livsvegen min har betre kvalitet med ein viss grad av medikament enn det den har uten. Slik er det berre.