Å velje ein veg

26.04.2024

Me kjem alle til ulike vegskilje på livsvegen. Kanskje me ynskjer endring og vil prøve nye vegar. Kanskje oppstår det noko som krever nye retningar for at me skal komme vidare på livsvegen.

Når me møter noko som krever endring, kan me gjerne føle at me ikkje har noko val. Me berre ta ein ny veg for at livet skal fungere. Som t.d. om ein mister nokon som står ein nær. Det blir ei endring som ein ikkje kan velje vekk, fordi det er nokon som ikkje er med på livsvegen lenger.

Å velje ein ny veg eller retning fordi ein sjølv ynskjer endring, er ikkje alltid eit lett val å ta. Ein ynskjer endring, men er usikker på om ein ny veg vil gje den endringa ein ynskjer.  Kanskje skimter du utfordringar der framme, og er i tvil om du vil klare å komme gjennom og forbi dei. Og du blir usikker på om du vil finne den endringa du håper på. 

Nokre gongar kan det vere trygt å halde fram på den vegen du går. Akseptere at det er som det er og setje pris på det du tross alt har og får til, utan å stemple det som eit nederlag. 

Det kan vere vanskeleg å vite kva som er til det beste for ein sjølv;  å velje ein ny veg, eller halde fram på den vegen ein er på. Ingen kan ta valet for deg. Du kan søkje råd og meiningar frå andre. Men det er ditt val. Det er du som skal gå vegen og det er du som skal velje veg.