Dårlege dagar kan få gode dagar til å skine meir

28.03.2023

Me opplever alle å ha både gode og dårlege dager. Og me kan oppleve brå endringar og store kontrastar mellom dei gode og dei dårlege dagane. Tankane og kjenslene våre vert påverka av det som hender rundt oss. Me reagerer på ytre faktorar. Og me reagerer ulikt. Men både gode og dårlege dagar er noko me alle har.

Me har eit stort spekter av kjensler og rom for tankar, og både tankar og kjensler kan gjere brå vendingar i oss. Det er ikkje alltid lett å forstå seg på. Og kanskje er det ikkje alt me treng å forstå? 

Gode og dårlege dagar har me alle. Å vere i dei dårlege dagane kan vere vondt og krevande, med såre kjensler og negative tankar. Det kan vere lett å miste det gode av syne. 

Me skal ha lov til å kjenne på såre kjensler og ha negative tankar. Me skal ikkje måtte fornekte det. Men det som er viktig, er at me ikkje blir i det for lenge. Me treng å jobbe med oss sjølve for å komme oss opp av det såre og negative igjen. Det kan vere krevande. Men når me greier det og kan kjenne at me har ein god dag, er det veldig godt. Å vite at ein har jobba seg opp frå det negative til det positive, kan gjere at ein god dag kjennes ekstra god. Så kanskje dårlege dagar også har ein verdi? Fordi dei kan få gode dagar til å skine meir.