Dei gode periodane

11.04.2022

Dei gode periodane er så viktige. Å kunne kjenne at ein har det bra. At ein har kapasitet til ulike gjeremål, til aktivitet og samvær med andre. Å kunne vere meir deltakande i livet og få opplevingar som gjer ein godt. Oppleve at ein kan ha ein meir vanleg kvardag. Ta til seg av det gode ein møter. Kjenne at det gjer ein glad. Kjenne glede over livet og det som livet kan gje. 

Det er så lett å miste kontakten med gleda og alt det positive når livet er vanskeleg og tungt. Dei gode periodane vekker ein til å sjå og kjenne på det gode. For det er der. Det kan bli tåkelagt av plager og smerter. Men ein kan finne det igjen. Ein kan finne igjen fargane i livet. 

Dei gode periodane er så viktige. Då kan ein leve. Verkelege leve livet med glede.