Det finst ingen fasit på kjensler
Når nokon spør oss om korleis det går, svarer me gjerne at det går litt opp og ned. For slik er det jo for oss alle. Det er periodar der ein har det bra. Føler seg bra. Opplever gode ting i livet. Men det vil også vere periodar som ikkje er bra. Periodar med motgang og vanskar. Periodar der ein ikkje føler seg bra. Slik er det. Det går litt opp og ned. Det er menneskeleg, og noko alle opplever.
For mange kan det også vere slik at kjenslene går opp og ned tilsynelatande utan grunn. Mange lever med psykiske plager som kan gje endringar i kjenslene utan at det er åpenbare grunner til det.
Kjenslene våre lever og rører på seg. Heldigvis. Me rommer eit stort spekter av kjensler. Alle vil oppleve at det går litt opp og ned. Men det også ulike grader i kjenslene våre. Me har ikkje like grader av det som er opp og det som er ned i kjenslene våre. Om ein har psykiske plager eller ei, så er det ulik grad på kjensler. Glede har ulike grader. Tristhet har ulike grader. Kjenslemessige reaksjonar har ulike grader. Me menneske er ulike og me har ikkje nøyaktige like kjensler og kjenslemessige reaksjonar. Difor er det urettferdig å samanlikne seg med andre. Di glede er di glede. Din tristhet er din tristhet. Dine reaksjonar er dine reaksjonar. Det som er ditt er ditt, og slik skal du ha lov til å ha det. Du har lov til å eige dine eigne kjensler og reaksjonar utan å tenke at det ikkje er rett, fordi du samanliknar deg med andre. Det finst ingen fasit på kjensler.