Du veit, slike dagar
Du veit, slike dagar når alle helseplager liksom tergar deg samstundes. Kvar plage er kanskje ikkje så ille. Men summen av at alle tergar samstundes, kan bli overveldande. Det kan få deg til å føle at livet er ein lang, bratt motbakke. Ja, eg trur mange veit. For slik kan det vere å leve med kroniske helseplager. Korleis slike dagar påverkar oss er ulikt, fordi me er jo ulike. Nokre er meir sårbare enn andre og kan kjenne på motløyse og tvil om at ein har krefter til å komme seg opp motbakken og vidare. Andre finn det lettare å ta ei slik utfordring, og hentar fram krefter og pågangsmot til å ta fatt på den.
Det er lov å kjenne på tvil. Det er lov å bruke tid. Så lenge du veit at du ikkje har tenkt å gje opp. Så lenge du veit at du vil opp motbakken og vidare på livsvegen. Om du treng tid, så skal du gje deg sjølv tid. Men pass på at du ikkje står for lenge der framfor motbakken. Ikkje stå så lenge å sjå på den at du mister motet og trua på at du kan komme deg opp og vidare.
Det er greitt å føle seg overvelda. Det er greitt å kjenne på tvil og motløyse. Ei stund. Og så er det greitt å bruke den tida du treng for å bli klar til å byrja på motbakken, sjølv om du ser at andre byrjar før deg. Ikkje sjå etter dei. La dei fare. Fokuser på deg sjølv og gjer det som er rett for deg.