Eg er ikkje smertene mine

19.06.2022

Enno ein gong har eg kjempa meg forbi eit vanskeleg terreng på livsvegen. Eg har komme meg gjennom og forbi ein lang smerteperiode. Tre veker med sterke smerter. Ein unntakstilstand. Min personlege unntakstilstand. Ein lang periode der eg ikkje har greidd å fungere. Men eg har komme meg gjennom det. Kjempa meg forbi eit vanskeleg terreng på livsvegen, og nådd fram til eit lettare terreng. Enno ein gong. Der venta det gode opplevingar. Aktivitetar og turar saman med andre. Samtalar, humor og latter. Kvalitetstid. Livsglede. Gode minner er skapt. Gode minner som eg tek med meg og kan hente fram igjen når livsvegen byr på utfordringar igjen - når ein ny smerteperiode kjem. For det kjem til å skje. Eg har mine kroniske smerter med varierande og uforutsigbar smertegrad. Smertetilstanden tek mykje av livet mitt. Den avgrenser mi deltaking i livet. Mine rammer i livet er innskrenka. Men eg er ER ikkje smertene mine. Smertene er ikkje heile livet mitt. Livet mitt er meir enn det. Livet mitt er dagar og veker med smerter, men det er også dagar og veker med mindre smerter. Dagar og veker som eg kan fylle med gode opplevingar, og kjenne at livet er glede.

Livet mitt er smerter og depresjon, og livet mitt er gode opplevingar og glede.