Eg er ikkje ein meister

18.01.2023

Eg har lang fartstid med psykiske helseplager. Eg kan mykje om det. Eg har lært mykje om eigne utfordringar og om psykisk helse og uhelse generellt.

Det betyr ikkje at eg alltid meistrer når utfordringane kjem. Det er ikkje alltid eg får til å bruke dei metodane og verktøya eg har for å handtere dei. Det hender at eg går meg vill i tankar og kjensler. Det kan vere tankar og kjensler eg ikkje forstår.  Tankar og kjensler som eg ikkje kan knytte til noko spesielt. Dei berre er der. Det kan vere at tankar og kjensler er for kaotiske til at eg får tak i dei og kan setje ord på dei. Det kan overvelde meg og ta makt over meg.

Nokre gongar må eg berre akseptere å stå i det til det legg seg meir til ro. Når det roer seg, kan eg tenke klarare. Eg kan forstå meir. Og eg kan ta tak i det og få til å bruke dei metodane og verktøya eg har. Andre gongar kan eg ha overskudd til å ta tak i det når det skjer, trass i at eg har kaotiske tankar og kjensler.

Eg har lang fartstid og har tileigna meg mykje kunnskap om psykisk helse og uhelse. Men eg er ikkje ein meister i å meistre plagene mine. Eg sit ikkje med ein fasit med to streker under som alltid hjelper meg. Slik eg ser det, finst det ingen fasit med to streker under. Ikkje for meg. Ikkje for nokon. Det finst metodar og verktøy som er til hjelp. Men det er ikkje alltid ein greier å nyttiggjere seg dei. Nokre gongar får ein til å bruke det ein har av metodar og verktøy på ein måte som er til hjelp. Andre gongar er det vanskeleg å få det til, og ein må akseptere å stå i sine kaotiske tankar og kjensler til ein føler seg klar nok til å ta grep om det.