Eg er på veg

21.10.2022

For nokre veker sidan tok eg til meg erkjennelsen om livet mitt ikkje kan vere som før. Eg kunne erkjenne at det å prøve og strekke seg etter alt det eg gjorde før, skaper negative kjensler. Men å komme til ein slik erkjennelse betyr ikkje at eg utan vidare var klar til å stake ut ein ny kurs på livsvegen min. Å erkjenne er ikkje det same som å akseptere. Det er eit steg i riktig retning. Men det å kunne akseptere - verkeleg akseptere - er ein prosess. Det er noko som må vekse fram i meg for at eg skal kunne eige det og kjenne at; "ja, eg aksepterer det." Det er ein prosess som tek tid.

Det har gått fleire veker sidan eg erkjente at eg enno ein gong har nådd eit punkt i livet som betyr livsendring. I løpet av desse vekene har eg gjeve meg sjølv lov til å "lande i" erkjennelsen.  Eg gjev meg sjølv lov til å kvile der eg er i livet akkurat no, og slutte med å strekke meg etter mål som eg eigentleg ikkje kan nå lenger. Det har medført eit relativt passivt tilvære. Veke etter veke. Men det er greitt. Det kjennes greitt, fordi det er det eg treng. Før eg kan akseptere fullt ut og stake ut ein ny kurs på livsvegen, treng eg å finne ro. Eg treng ro for å kunne gå vidare. Det er ein prosess. Eg må endre på tankane mine. Gje slepp på tankar om det som var og det eg greidde før. Legge vekk tankar som ikkje er hensiktsmessige lenger. Erstatte dei med nye tankar om det som er realistisk der eg er i livet no. Det er ein prosess som tek tid. Og det er greitt. For eg er på veg. Eg har erkjent, og er på veg mot å akseptere. Og etterkvart vil eg finne ut kvar eg skal vidare på livsvegen min.

"Jeg bare står her litt og over meg på å gå videre." (Kjerstin Aune)