Eg held fast i takksemda

06.08.2023

Eg har mykje å vere takksam for. Og det er eg. Eg er takksam for mykje i livet mitt. Men likevel; nokre gongar tenkjer eg på korleis det ville vere å vakne om morgonen utan smerter og hodepine. Kanskje få èin dag utan....? Eg hugsar ikkje korleis det var. Eg tenkjer på når eg sist var utan desse smertene. Når starta det som har blitt til kroniske smerteplager...? Fem - seks år sidan? Noko slikt. 

Fem - seks år med kronisk hodepine og kroniske smerter. I antal år er det ikkje veldig lenge. Men det er krevande nok å leve med til at eg ikkje hugsar korleis det var å ikkje ha desse smertene. For meg verkar desse åra som lang tid. Ei lang tid med kroniske, funksjonsnedsetjande smerter. Ei så lang tid at det er det som er meg no. Slik er det å vere meg. Det blir mange smertefulle stunder. Mange tunge stunder som no og då rører ved depresjonen i meg. 

Men; som eg starta med, så har eg mykje å vere takksam for. Eg har meir i livet mitt enn smertene. Eg er meir enn smertene mine. Eg kjem til å hugse eit sitat eg har lese. Eg hugsar diverre ikkje kven sine ord det er, men eg hugsar sitatet: "Når du ikke klarer det du klarte før, gjør det du klarer med godt humør." (ukjend opphav)  

Eg kan ikkje seie at eg kan leve etter desse orda. Det er for ambisiøst for meg. Eg kan ikkje alltid møte dagane og det eg tross alt meistrer med godt humør. Eg kan kjenne på frustrasjon og sinne over det eg ikkje lenger greier.  Eg blir nedstemt og trist. Eg kan ikkje alltid glede meg over det eg får til. Men i stunder der eg reflekterer over livet som det har blitt, ser eg at eg har mykje å vere takksam for, tross alt. Eg ser at eg framleis har mykje meistring i meg. Og eg har mykje rundt meg i livet mitt å vere takksam for. Nokre gongar, når eg har det vondt og tungt, mister eg kontakten med takksemda. Men den er der.  Og når eg jobbar med meg sjølv, jobbar med tankane mine, så kan eg få tak i den igjen.  Det hender at eg må leite i meg sjølv for å finne den fram. Men den er der, og eg held fast i den. For eg har mykje å vere takksam for.