Eg kan ikkje alltid tenke positivt

12.09.2021

Å vere menneske er å ha eit stort spekter av tankar og kjensler med ulike grader. Positive og negative. Å fokusere på det positive, rette tankane i positiv retning, kan gje oss dei gode kjenslene. Ein lett sinnsstemning. Glede. Håp. Å ha eit positivt fokus kan gjere livsvegen mindre tung å gå. Men som menneske har me også negative tankar og kjensler i oss. Av og til blir desse tankane og kjenslene sterke. Dei presser seg fram. Og kvifor skal dei ikkje det, då? Me må gje oss sjølve lov til å kjenne på dei. Det er ein del av det å vere menneske - å ha negative tankar og vonde kjensler. Det er lov å ikkje alltid vere positiv. Eg veit at det kan iallefall ikkje eg.  Av og til treng eg å kjenne på det som ikkje er bra. La det få sleppe til og komme ut. Gå gjennom det og bli ferdig med det.

Eg trur at det er betre å gje det negative og vonde litt plass av og til enn å alltid undertrykkje det. Eg trur at menneske som heile tida "legg lokk på" på slike tankar og kjensler, vil måtte forholde seg til det på eit tidspunkt uansett. Og om ein har undertrykt og samla opp negative tankar og kjensler over lang, lang tid, kan det komme til overflata med ein styrke som kan bli vanskeleg å møte. Det kan bli så stort og smertefullt at vegen tilbake til det gode blir veldig vanskeleg.

Me må erkjenne at negative tankar og vonde kjensler også er ein del av det å vere menneske. Og me må gje oss sjølve lov til å kjenne på det. Å sleppe det til no og då kan vere nødvendig. Det kan vere eit friminutt for kjenslene våre. Det kan gje oss ei lette å få det ut. Men det som er viktig, er å ikkje bli i det. Me kan sleppe det til, få det ut, og så bli ferdige med det. Om me blir i det for lenge, kan vegen tilbake til gleda bli lang.

Å fokusere på det positive kan gje oss dei gode kjenslene og glede i livet. Men som menneske har me også det negative i oss. Det skal me ha lov til å kjenne på, men passe oss for å ikkje bli i det.