Det finst nyanser i livet

11.09.2023

Av og til tenker eg at livet går i frå meg. Eg får kjensle av tapt tid. 

Då eg fekk eit tilbakeslag i depresjonen for to år sidan, endra kvardagen seg. Mindre aktivitet. Færre sosiale samvær. Mange tunge dagar som eg ikkje har makta å fylle med positivt innhald. Kombinasjon av depressive kjensler og kroniske smerter er krevande. Det er lite overskudd å finne. Og det går ut over livet. Det blir færre møte med andre menneske og færre opplevingar. Og på det viset har mykje gått tapt. Det er ein realitet.

Når eg ser attende på desse åra, kan eg gjere det med ulike perspektiv. Eg ser ein tung periode som har pågått lenge. Men samstundes ser eg år som har gått i frå meg. Tid som berre har har forsvunne. Tapt tid.

Men når eg nyanserer litt meir, ser eg at det har ikkje berre vore tungt og vanskeleg. Det har ikkje berre vore tid utan innhald og meining. Eg kan sjå at det også har vore gode opplevingar. Positive møte med andre menneske. Rett nok meir avgrensa enn det kunne ha vore. Men likevel; det har vore der!

To lange år som også har gått fort. Tid som på mange vis har gått i frå meg. Men ikkje heilt. For inne i desse åra har det også vore mykje fint og godt. Når eg jobbar med meg sjølv, jobbar med tankane mine, kan eg sjå nyanser. Og det er det eg må gjere; jobbe med tankane mine for å sjå nyansene. Gjennom å jobbe med tankane mine, sortere og prøve å  halde orden på dei, kan eg sjå nyanser. Då kan eg sjå at det har ikkje berre vore tapt tid. Livet har ikkje gått heilt i frå meg. Eg har fått meg meg positive opplevingar og sosiale samvær. Eg har fått gode minne å ta med meg vidare på livsvegen.