Eg ser fargane

02.10.2023

Noko har skjedd. Det har skjedd noko inni meg. Ei lette i kjenslene mine. Eg kan sjå fargar i tilværet. Tåka har letta. Den indre tåka som har gjeve tilværet gråfarge, har letta. Eg er lettare til sinns. Livsvegen opnar seg i fargar. Og i det ligg det håp. Håp om å få leve i eit tilvære som har fargar. 

Eg føler at eg har levd i eit tåkelagt tilvære i lang tid. Utad er det nok vanskeleg å sjå for folk som ikkje kjenner meg godt. Eg kan vere sosial. Eg kan smile, le, og delta i humor. Men inni meg har det lagt ei grå tåke. 

No har noko skjedd. Eg er lettare til sinns. Og eg ser fargane.