Eg vil finne igjen vegen min

20.07.2022

Eg saknar den Wenche som har initiativ. Initiativ til å få unna gjeremål. Initiativ til å komme seg meir ut i naturen og gå turar. Eg saknar den Wenche som kan ta avgjersler, som kan handle utan alle mulige slags tankar i forkant. Tankane kan gjere den minste ting til ei nesten uoverkommeleg utfordring. Ja, eg går i tankefella. Eg lar meg fange i tankar som gjer meg ubesluttsom og som kveler initiativ. Eg merker at det skjer. Eg kjenner det igjen. Så då skulle ein tru at det er enkelt å gjere noko med det. Når eg veit kva som er problemet, skulle det vere enkelt å endre på det. Det er jo ikkje første gongen noko slikt skjer. Og eg har greidd å bryte meg ut av tankefella tidlegare. Så ein skulle tru at det berre var å gjere det, då. Men, nei. Det er ikkje så enkelt. Tankane kan setje seg veldig fast. Ein glir inn i gamle tankemønster og blir fange av tankane sine.

Eg er klar over kva som skjer. Eg forstår det. Eg har lært kva som skal til for å bryte ut av uhensiktsmessige tankemønster. Men det har fått utvikle seg over tid. Eg har blitt fanga i det. Eg greier ikkje å berre "kutte av" det negative tankemønsteret og snu om på det igjen. Eg treng hjelp. Eg treng hjelp til å finne igjen den Wenche som har initiativ. Den Wenche som kan ta avgjersler utan å tenke for mykje. Eg treng hjelp frå psykisk helseteneste. Og det skal eg få. Endeleg! Etter ei urimeleg lang ventetid, skal eg no få hjelp. Eg vil legge bak meg lange og tunge månader med venting. Eg må jobbe litt med det. Fordi den lange ventetida har gjeve forverring i min psykiske helsetilstand. Eg er ikkje bitter, men eg kjenner på frustrasjon over at det skal vere slik i ei kommunal psykisk helseteneste. Eg er frustrert på vegne av meg sjølv og på vegne av alle andre som opplever liknande. Eg kan ikkje utan vidare akseptere at sjuke og sårbare menneske skal bli dårlegare på grunn av eit tregt system. Difor må eg jobbe litt med meg sjølv for å legge bak meg den lange og tunge ventetida.... 

Men no skal eg få hjelp. Og eg må først og fremst fokusere på det. Saman med psykiatrisk sjukepleiar skal eg starte på ein prosess for å finne igjen min veg - den vegen som eg trives best på, den vegen som eg vil vere på!