Ei tid for kjensler

18.12.2023

Jula er ei tid for kjensler. Mange kjenner glede, både for førjulstida og julehøgtida. Det er ei tid for å samlast, for å gje og ta i mot, for å dele. Det er ei tid med festleg stemning og glede. Men ikkje for alle. For nokre er det ganske annleis. Nokre kjenner på tristhet, sorg, frustrasjon, indre uro, og til og med psykisk smerte. Kjenslene er knytt til tidlegare livserfaringar. Og julehøgtida er ei tid der slike kjensler ofte er sterkast.  Jula er ikkje ei glede for alle.

Kvar og ein av oss har unike tankar og kjensler rundt våre eigne livserfaringar. Og kvar og ein av oss lever på vår eigen måte med den bagasjen me har med oss. 

Det kan vere tyngande å ikkje kjenne på den gleda som finst rundt oss i jula. Det kan få allereie såre kjensler til å verte enno meir vonde. Skal ein tvinge fram ei glede som tilsynelatande vert forventa? Eg syns ikkje det. Ein har det som ein har det. Men ein kan ta seg tid til å reflektere over kjenslene sine, og respektere dei. Det betyr ikkje at jula skal vere berre trist og vond. Det betyr at ein aksepterer kjenslene og gjer så godt ein kan for å engasjere seg. Og ein skal hugse på at ein ikkje er åleine om å ha det slik. Ikkje tru og overbevis deg sjølv om at alle andre kjenner berre glede.

Reflekter, respekter og aksepter kjenslene dine, og gjer så godt du kan for å engasjere deg i julehøgtida. Det er bra nok, det.