Eigne forventningar vert ikkje alltid innfridd

01.07.2024

Den 5. juni ankom eg Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter med positiv innstilling og pågangsmot. Eg har vore på opphald der før, og kjente til det opplegget dei brukar. Eg reiste dit med eigne forventningar om kva eg skulle få ut av opphaldet. Det vart ikkje heilt slik som eg hadde tenkt. Kropp og psyke reagerte på måtar eg ikkje var heilt førebudd på. Joda, eg var førebudd på at det kunne komme smerter, då eit mål for meg var å finne ut kva kroppen min, med dei plagene eg har, kunne tåle av aktivitet og trening. Men eit stykke ut i opphaldet opplevde eg å nå ein svært høg smertegrad. Smertene vart så sterke at eg måtte skjerme meg, både frå aktivitet og trening, og frå å delta i det sosiale. Det vart til slutt for mange smertefulle og tunge stunder åleine på eit lite, framand rom. Heldigvis hadde eg gode fagpersonar rundt meg. Og når to gode fagpersonar gav tilråding om å avbryte opphaldet, og eg sjølv også innsåg at det var nok det beste, reiste eg heim to dagar før opphaldet skulle avsluttast.

Dei siste dagane før avgjerda vart teken, hadde eg mange negative tankar. Tankar om at tida der var bortkasta tid. Tankar om at eg hadde mislukkast. Kjensle av nederlag. Men i samtale med fagperson like før avreise, forstod eg at eg kunne legge vekk slike tankar. Eg innsåg og forstod at det var rett for meg å reise heim.

Etter at eg kom heim, fekk eg evaluert i ro og fred, og eg fekk rydda opp i negative tankar og kjensler rundt det at eg ikkje fekk fullføre opphaldet. Tida der var ikkje bortkasta. Eg fekk oppfriskning i filosofien Hauglandssenteret står for i rehabiliteringsprosessar.  Eg tok med meg lærdom om meg sjølv og eigne helseutfordringar. Eit mål for meg var å prøve ut kva kva kroppen min kunne tåle av aktivitet og trening. Og det fekk eg jo svar på. Eg var riktignok ikkje førebudd på at det skulle verte såpass mykje smerter å handtere. Men eg fekk svar på kva eg og kroppen min tålte. Kjensla av nederlag fekk eg også til å frigjere meg frå. 

Opphaldet vart ikkje slik som eg hadde tenkt, men slik er det jo i livet elles også, ikkje sant? Det er mangt som ikkje vert slik me hadde sett for oss. Det er ikkje mogleg å forutsjå alt som ligg framfor oss. Og ting går ikkje alltid etter planen. Det kan oppstå faktorar undervegs som me ikkje var førebudd på. Men planar kan revurderast. Planar kan endrast. Slik er det, både i konkret planlegging og i livet generelt. Livsvegen går ikkje berre rett fram. Ikkje for nokon av oss.