Ein ny veg

01.02.2024

Eg har teke stega inn på ein ny veg. Ein veg som eg hadde sett der framme ei stund. Men det tok tid å komme dit. Det er ein ny veg som gjev meg nye opplevingar i møte med nye menneske, og eg lærer noko nytt.

Eg har engasjert meg som frivillig i BUA, og eg trives med det. Det føles bra å ha noko å gå til. Noko som ikkje er for "stort" og for mykje for meg. Nokre timar i månaden der eg bidrar med noko. Eg er til nytte for andre menneske. Og eg får vere ein del av eit fellesskap. Det føles bra. Det tok tid frå tanken var sådd til eg var klar for å ta stega inn på ein ny veg. Men eg gjorde det. Og eg vil gå denne vegen vidare framover.

Å finne nye vegar på livsvegen sin er kanskje ikkje så vanskeleg. Ein kan sjå at dei er der. Men det å faktisk ta stega i ein ny retning, er ikkje alltid lett. Det kan ta tid å velge ein veg som du vil satse på. Det kan ta tid å bli klar og bestemme seg for å ta stega. Og når du føler deg klar og gjer det, vil du  kanskje oppleve at det ikkje var det rette. Og det er greit. Då kan du snu. Stoppe opp og ta eit overblikk frå der du står. Sjå om det ligg ein annan veg der som du kan prøve deg på. For dei er der, dei nye vegane. Om du klarer å løfte blikket og sjå deg rundt, ser du at det finnes fleire retningar du kan velge. Og det er ingen skam i å prøve og feile. Prøving og feiling kan vere det som hjelper deg med å finne den vegen som er rett for deg.  Og det er lov å gje seg sjølv tid. Tid til å velge retning, og tid til å ta det første steget.

Å finne nye vegar på livsvegen kan gje livet ditt eit verdifullt "løft".