Ein plan kan endrast

22.06.2023

Ein god dag. Ein plan for dagen. Ei liste med gjeremål. Pågangsmot og vilje. Lyst til å få ting gjort. Ein god dag kjenslemessig. Men...kroppen vil ikkje i dag. Klare signal frå kroppen. Sterke smerter. Smerter som eg veit vil auke om eg ikkje lytter til kroppen. Det veit eg fordi eg har mange erfaringer på det. Eg veit at så klare signal tyder at kroppen treng ro og avspenning. Eg må endre planen eg hadde for dagen. Eg let gjeremåla vente. Eg MÅ ikkje gjere dei i dag. 

Ja, eg har pågangsmot og vilje til å ta fatt på lista med gjeremål. Ein god dag kjenslemessig. Men ikkje ein god dag smertemessig.  Klare signal frå kroppen om at det ikkje er lurt å presse den. Eg likar det ikkje. Men eg lytter til kroppen og endrer planen. Fordi det er det eg vinn mest på i det lange løp.

Slik er det no og då. Det er ikkje alltid kropp og kjensler speler på lag. Og på slike dagar kan det hende at eg må endre planen.