Eit år er snart over

16.12.2022

Året 2022 er snart over. Eg kan ikkje seie at det har vore blant mine beste år. Det har vore mange og lange periodar med helsemessige utfordringar. Periodar med sterke smerter. Kroppslege plager som ikkje kan gjerast noko med. Dei blir ikkje bedre. Tvert om, så er prognosen ei gradvis forverring. Eg har byrja å merke det i året som har gått. 

Det har også vore periodar med tungsinn og nedstemthet. Det har vore eit år der eg har vore i kontakt med depresjonen min på ein måte som eg ikkje har opplevd på lenge. 

I året 2022 har eg halde meg mykje for meg sjølv i heimen. Fordi dette året har vore prega av plager som gjer at eg ikkje har klart å vere særleg sosial. Eg har ikkje klart å vere så mykje "der ute i livet" blant alle inntrykk det inneber. I mange og lange periodar har eg hatt behov for ro og kvile. 

Dei kroniske plagene og smertene mine, tek mykje av tida mi. Dei tek mykje av fokuset. Og dei er ofte av ein slik grad at eg ikkje berre kan flytte fokuset til noko anna. Smerter og plager tek mykje av livet mitt. Det er ikkje lett å akseptere det.  Det er ein prosess som tek tid. Eg må bli vant med å sjå annleis på kva som er livskvalitet. Eg må lære meg å finne verdi og glede på eit anna nivå enn før. Og i året som har gått, har eg fått hjelp med å starte på den prosessen.  Eg har fått støtte på at det er greitt å gjennomgå ei sorg over det eg mister. Eg har gjeve meg sjølv lov til å sørge over at livet ikkje kan vere som det var. Eg får hjelp og støtte til å jobbe med meg sjølv mot å akseptere den livsendringa som tvingar seg fram grunna dei helsemessige utfordringane eg har. Eg jobbar med med meg sjølv for endre perspektiv på livet og finne verdi og glede i dei lyspunkta som er, same kva "storleik" dei har. Eg kan ofte tenke at livet er ei einaste stor utfordring. Eit liv i ein evig oppoverbakke. At det er altfor mange mørke og smertefulle dagar. Men det er ikkje berre slik. Det er mykje som er positivt og bra også. Året 2022 har  gjeve meg positive, gode og gledelege opplevingar. Innimellom dei vanskelege periodane har det vore mange lyspunkt. Samvær med andre. Nye bekjentskap. Nye opplevingar. Gode samtalar. Kvalitetstid. Humor og latter. Eg har menneske i livet mitt - slekt og vener - som gjer at livet mitt har mange lyspunkt. Og eg er godt på veg i prosessen mot å kunne sjå verdien i kvar einaste gode oppleving eg får, same kva "storleik" den har. Og det skal eg halde fram med i det nye året som kjem. Eg skal vere meg bevisst på at kvar einaste positive oppleving eg får, har verdi. På den måten kan eg få periodar med eit godt nytt år.