Eit godt nytt år?

12.01.2022

Eit nytt år ligg framfor oss. Ein open veg inn i året 2022.

Eg har ikkje store forventningar til kva dette året kan gje meg. Eg har ikkje laga meg store mål for kva eg vil få til. Eg er realistisk. Eg kjenner meg sjølv og eg kjenner mine helseutfordringar. Eg veit at eg har kroppslege plager som ikkje kan bli betre. Tvert om; dei vil gradvis utvikle seg i negativ retning. Slik er det, og eg kan ikkje gjere noko for å endre på det. Men eg kan gjere noko for å leve så bra som mogleg med dei plagene eg har. Eg kan styrke meg sjølv på det eg kan gjere noko med. Eg kan velge å fokusere på det som tross alt er bra. Det er mykje eg kan få til. Eg kan ha mange gode opplevingar i vente. Dei blir nok ikkje "servert på eit sølvfat." Eg må sjølv gjere noko for å oppdage dei. Eg må vende blikket forbi plager og smerter når eg kan, og sjå etter dei gode opplevingane. 

Eg har ikkje store forventningar og mål for det nye året. Eg er realistisk. Eg har mine rammer for kva som er mogleg. Men innanfor desse rammene kan eg skape mykje som i det store og heile kan gje meg eit godt nytt år.