Eit steg opp

28.04.2023

Det er vår. Lysare tider. Fleire timar med dagslys. Mørke kveldar må vike for våren sitt lys. Eg kjenner at det gjer noko med meg. Meir dagslys. Solskinsdagar. Naturen vaknar til liv att. Det påverkar meg. Eg kjenner ei lette i sinnsstemningen. Å leggje merke til lyset, sola og naturen som spirer og og gror - å kjenne at eg kan setje pris på det. Det er fint. Eg brukar ikkje orda "glede" og "lukke." Eg er ikkje der. Og det er greitt. Ein lettare sinnsstemning er bra nok for meg. Det er jo eit steg opp!