Å erkjenne livsendring

28.09.2022

Å erkjenne at det som var ikkje kan bli igjen. Å erkjenne at helseplager tvingar fram livsendring. Livet kan ikkje bli som det var. Eg kan ikkje bli den eg var. Å akseptere det er ein tung veg å gå. Det starter med at eg erkjenner. Erkjenner at eg må leve med dei helseplagene og smertene eg har. Og akseptere at livet ikkje kan bli som det var.

Eg må endre tankesett. Eg må ta andre valg enn før, gjere andre prioriteringar. Eg må finne ein ny veg i livet. Det er ikkje lett. Det er som å stå i ei tjukk skodde. Åleine. Rådvill. Ikkje sjå kvar eg skal gå. Men eg må prøve. Våge å ta eitt og eitt steg. Famle meg fram i skodda. Finne ein veg som er rett for den eg er no.  Det er ein veg for meg der inne i skodda. Det finst eit nytt landskap for meg. Eit landskap der eg kan trivast. Ha det bra med den eg er no. Det som var kan ikkje bli igjen. Eg kan ikkje bli den eg var. Men eg kan finne ein ny livsveg. Eit nytt landskap å leve i. Det blir ikkje lett. Eg må famle meg fram. Leite i skodda. Eg kjem til å trå feil, måtte gå tilbake før eg kan gå framover igjen. Det kjem til å ta tid. Men eg kan finne ein ny livsveg og eit nytt landskap å leve i.