Finn balansepunktet ditt
Å seie ja til noko. Noko som engasjerer. Noko som betyr noko. Å bidra og vere til nytte. Det føles bra for oss menneske. Men det er viktig å setje sine personlege grenser, og lære seg å ikkje seie ja til meir enn det ein har kapasitet til.
Det kan vere vanskeleg å setje slike grenser. Og det kan vere ulike årsaker til at ein finn det vanskeleg. Det kan handle om at du har veldig lyst og så gjerne vil. Det kan handle om kjensle av plikt, eller dårleg samvit. Det kan handle om at du er redd for korleis andre reagerer på avgjersler du tek for dine grenser.
Det er mogleg å lære seg å bli betre på setje grenser. Du må gå i deg sjølv, lære deg sjølv å kjenne; kva har du eigentleg kapasitet til? Kva er din realitet? Ditt utgangspunkt? Kva andre gjer og får til skal ikkje vere viktig for deg. Det som er viktig for deg, er at du kan seie ja til noko som er innanfor din kapasitet og dine grenser. Fordi det føles bra å engasjere seg i noko som betyr noko for deg - å kunne bidra og vere til nytte. Men finn ut kvar grensa di går. Finn balansepunktet ditt. Å mestre innanfor grensene dine er betre enn å strekkje seg for langt, slik at du ender opp med både å ikkje mestre heilt og å slite deg ut.
Det er ein prosess å lære seg dette. Særleg om du alltid har vore eit ja-menneske. Eller om du kanskje har vanskar med å setje grenser for deg sjølv, og vanskar med å kommunisere det ut til andre. Men det er mogleg å lære seg. Det veit eg. For det har eg gjort. Eg har lært meg til å kjenne når grensa er nådd, og til å våge og seie i frå om det.
Eg er ingen mester i balansekunsten. Det hender eg strekkjer meg litt lenger enn det eg eigentleg har kapasitet til. Fordi eg så gjerne vil noko. Men eg har også lært meg at det får konsekvensar for ei tid etterpå. Og det må eg berre leve med når eg har valgt å strekkje meg litt lenger enn det som bra er.
Det kan ta tid å bli kjent med kva som er personlege grenser. Og det tek tid å faktisk våge å setje dei og kommunisere det ut til andre. Men det er mogleg. Eg har fått det til. Og det kan du også!