Finn dine doser i livet

22.09.2021

Dosering handler ikkje berre om medikament. Dosering kan nyttast på fleire område. Det kan nyttast for aktivitet og trening, finne rett intensitet og mengde for ein sjølv. Dosering kan nyttast  for å få rett balanse mellom aktivitet og kvile. Ikkje berre i trening, men i kvardagslivet også. 

Dosering kan handle om tidsbruk. Det kan handle om prioriteringar og val, kva ein vil bruke mykje tid på og kva ein vil gje mindre tid. Korleis vil du nytte tida di? Kva er det du eigentleg treng mest og minst av? Kva gjev deg glede og påfyll av energi? Kva tapper deg for krefter og tek frå deg glede? Kan du endre noko ved måten du nyttar tida di på? Gjere andre prioriteringar og val? Kan du endre dosering knytt til tidsbruk? 

Det er ikkje egoisme å gjere prioriteringar og val som er rette for oss og som gjer oss godt. Det er å vere snill med seg sjølv og ta eigne behov på alvor. Det er å ta vare på seg sjølv. Det er eigenomsorg.

Dosering handler ikkje berre om medikament. Dosering kan nyttast på mange område i livet. Finn dine doser i ditt liv. Gje deg sjølv ein livsveg som tener deg meir enn den tapper deg.