Våg å erkjenne kjenslene dine

02.11.2021

Dei fleste av oss møter utfordringar og vanskar på livsvegen. Hendingar som i ulik grad vil påverke kjenslene. Då er det opp til oss sjølve korleis me vil forholde oss til det. Me kan velge å undertrykke kjenslene. "Legge lokk" på kjenslene som oppstår, halde fram så godt me kan som om det ikkje har gjort noko med oss. Av og til kan det vere mest hensiktsmessig å ikkje gruble og analysere for mykje over vanskar og utfordringar me møter. Det kan vere mest nyttig å gjere seg fort ferdig med det og komme seg vidare. Men å undertrykke og stenge inne vonde kjensler, kan også skape større vanskar i eit lengre perspektiv. Innestengde kjensler kan vekse seg større og bli meir og meir smertefulle, og det kan ende med at dei før eller seinare vil presse seg opp til overflaten med ein smertegrad som overvelder oss. Det kan bli så vondt og stort at me blir psykisk sjuke.

Å ta vonde kjensler på alvor og erkjenne kva dei gjer med oss, kan lønne seg på sikt. Når ein vågar å forholde seg til vonde kjensler, kan ein forstå dei betre. Og med betre forståing av eigne kjensler, opnar det opp for å kunne jobbe seg gjennom det. Ein kan endre den vonde situasjonen ein er i og komme seg vidare.

Livsvegen vil også by på vanskar og utfordringar som me ikkje kan gjere noko med. Me kan ikkje alltid endre det me møter i livet. Men me kan erkjenne kva det gjer med oss. Erkjenne kjenslene me får rundt det, og finne måtar å akseptere på. "Det er som det er, eg får dei kjenslene eg får, og slik er det berre."

Å erkjenne betyr ikkje alltid at me kan endre. Men utan å erkjenne, kan me i allefall ikkje endre på noko.

Å erkjenne eigne kjensler er å ta seg sjølv på alvor. Det er å bli kjend med kjenslene sine. Skape ei betre forståing.  Å erkjenne er eit viktig steg mot å akseptere seg sjølv og dei kjenslene ein har. Og så kan ein finne ut av vegen vidare: "Kan eg gjere noko for å endre situasjonen? Er det ein situasjon som eg berre må akseptere at eg ikkje kan gjere noko med?"

Om det no er det eine eller det andre, gjer du noko bra for deg sjølv om du vågar å erkjenne dine eigne kjensler.