Ingen er berre det du ser

28.06.2021

Sommar og ferietid. Mange gler seg til ein etterlengta sommarferie. 3 - 4 veker samanhengande fri frå jobb etter å ha ytt for arbeidsplassen sin gjennom eit heilt år. Ferie - å kunne gjere heilt andre ting enn det ein gjer i jobben sin. Fridom til å bruke tida si på det ein vil og kan. Få ein lengre pause frå det som forplikter i kvardagen.  Skilnad mellom jobb og ferie/fritid er viktig og nødvendig. Å kunne ta fri og fokusere på andre ting er til hjelp for å få kvile, og få påfyll av nye krefter.

Det er ikkje alle som har denne skilnaden. Eg har ikkje det. Som arbeidsufør har eg mista dette. Eg har ingen jobb å gå til, ingen jobb å få ferie frå. Eg har helseplager av ein slik grad at eg ikkje kan fungere i eit forpliktande arbeidsliv. Dagane mine er ikkje styrt av krav og forpliktelser knytt til jobb. Eg må sjølv ta ansvar for å fylle dagane mine. Og korleis eg fyller dei, er knytt til helsetilstanden min. Eg kan ha innhaldsrike dagar med stor aktivitet. Og eg kan ha dagar med ro og stillhet. Eg kan ikkje styre fritt når eg har det eine eller det andre. Det er helsetilstanden min som gjev peikepinn på korleis ein dag kan bli. Nokre dagar greier eg. Nokre dagar greier eg ikkje.

For friske og arbeidsføre menneske, kan det vere lett å tenke at arbeidsuføre har det "sutalaust" - er fri til å gjere det ein vil. Slik er det ikkje. 

Eg har det ikkje slik. Eg er ikkje fri til å gjere det eg vil til ei kvar tid. Eg er fanga i ein helsetilstand med kroppsleg og psykisk smerte, som i stor grad avgjer kva eg kan og ikkje kan. Plagene mine er ikkje synlege for andre. Smertene mine viser ikkje utanpå. 

Eg er ikkje åleine om å ha det slik. Det er mange som lever med kroniske plager som ikkje er synlege for andre. Det er mange som er arbeidsuføre grunna helseplager som andre ikkje kan sjå. Men trass i arbeidsuførleik, kan ein ha dagar der ein fungerer godt. Gode dagar, som ein kan fylle med innhald og kvalitet, vere aktiv og glad.

Har du, som er frisk og arbeidsfør og kanskje ser på arbeidsuførleik som eit "sutalaust" liv, tenkt på at det er på ein god dag du ser ein aktiv og glad uførepensjonist? Har du tenkt på at du ikkje får sjå dei vonde og vanskeleg dagane, fordi den arbeidsuføre då held seg for seg sjølv og kjempar for å halde ut plager og smerter? 

Mange arbeidsuføre kjenner på dette med andre sine haldningar til det å vere utanfor arbeidslivet. Det er vondt og vanskeleg å oppleve seg som mistenkeliggjort. Andre sine haldningar kan bli ein byrde som fråtek dei gleda over å nyte dei gode dagane når dei kan. For meg personleg, er ikkje dette ei stor byrde. Eg har komme på ein stad i livet der dette ikkje plager meg. Eg veit kva som er meg og min livssituasjon. Kva andre måtte tenke og meine, kan eg uansett ikkje styre over. Men eg veit at mange syns det er vondt og vanskeleg, og føler seg mistenkeliggjort.

Så til deg, som er frisk og arbeidsfør og kanskje ser på arbeidsuførleik som eit "sutalaust" liv: Neste gong du ser ein aktiv og glad uførepensjonist, tenk litt på at dette er den uføre på ein god dag. Tenk litt på at det vonde og vanskelege får ikkje du sjå. Tenk på at ingen er berre det du ser.

Og til deg som er arbeidsufør, vil eg gje eit sitat av Goethe: 

"Nyt når du kan. Hold ut når du må."