Ingen skam å søke hjelp

04.02.2022

Ned i ein bølgedal. Enno ein gong. Depressive kjensler. Tristhet og tårer.  Ingenting spesielt som har hendt. Ingen konkrete årsaker som gjev grunn til nedstemthet og tristhet. Ned i ein bølgedal. Enno ein gong. Det er berre slik det er. Slik er det for meg med min depresjonsdiagnose. Bølgedalane kjem, utan at eg kan knytte dei til noko konkret. Eg treng ikkje å analysere. Eg treng ikkje å rote rundt i tankane mine for å finne årsaker eller svar som eg kan forstå. Fordi eg veit at det er ein bølgedal. Eg veit at det er depresjonen som vaknar i meg. Og den berre er.  

Nokre gongar blir depresjonen i meg stor. Den kan bli for stor til at eg greier å bekjempe den åleine. Då søker eg hjelp. Eg søker hjelp i helsevesenet. For nokre gongar treng eg støtte. Eg treng hjelp til å løfte blikket, slik at eg kan sjå vegen ut av det depressive. Og eg treng at nokon går med meg eit stykke på vegen ut. Eg treng fagpersonar i helsevesenet som veit og forstår at no treng eg slik hjelp og støtte. Difor søker eg hjelp, og eg skammer meg slett ikkje over det.