Kva har du fått gjort?

31.12.2023

"Et år er snart over, hva har du fått gjort?" Dette har Jahn Teigen skrive i ein av tekstane sine. Vel... Kva har ein fått gjort i året som har gått? Det er lett for å tenke at lite er gjort. At året berre har gått utan at ein har oppnådd noko særskilt. Men er det sant? Eg trur ikkje det. Om ein tek seg tid til å tenke over det, vil ein finne fram til at ein god del er gjort. Det handler om kva målestokk ein brukar. Ein treng ikkje å ha gjort dei store tinga. Og det treng ikkje å vere noko stort og konkret som umiddelbart er synleg for andre. Det kan handle om personleg utvikling, om å gjort noko for seg sjølv. Om det er eit lite steg fram eller eit stort steg fram - det har like stor verdi. Eit år har 365 dagar. Og noko har me alle fått gjort gjennom året. Noko har endra seg. På eit eller anna vis. Noko ein sjølv har vore med på å bidra til. 

Ta deg tid til å reflektere over året som har gått. Du treng ikkje å leite etter store mål som er oppnådd. Det er ikkje alle som har fått til å urette dei store tinga dette året. Og det er greitt. Men om du tek deg tid til å "bla" deg gjennom året, er eg sikker på at du vil vil finne fleire ting du har fått gjort. Eit lite steg. Eit stort steg. Fleire steg. Noko konkret, eller noko på eit personleg plan. Noko har du fått gjort, ikkje sant? Gje deg sjølv lov til å vere nøgd med det du finn, lite eller stort, og ta det med deg og bygg vidare på det i det nye året.

Ver raus med deg sjølv, og lag eit så godt nytt år som du kan!