Kva vil eg sjå?

09.08.2021

Eg ser, men kan ikkje. Kvar dag ser eg mykje som eg ikkje kan. Mykje som eg ikkje er er i stand til lenger. Det er mangt som har endra seg for meg dei siste åra grunna svekka helse. Det kan kjennast sårt og fortvilande å ikkje mestre som før. Men det er som det er. Og det har ingen nytte for meg å dvele ved det eg ikkje lenger kan. 

Kvar dag ser eg mykje som eg ikkje kan. Men eg ser også mykje som eg kan. Kvar dag kan eg sjå mykje som eg framleis er i stand til. Og eg kan velge å fokusere på det. Fokusere på mestring.

Mykje har gått tapt grunna svekka helse. Men eg har framleis mykje som eg kan legge til på lista over mestring. Og det er opp til meg sjølv å velge kva eg vil sjå. Eg kan velge kva eg vil fokusere på. Vil eg fokusere på mørke og tristhet, eller på lys og glede?

 Kva vil eg sjå? Tap eller mestring? Det er opp til meg sjølv å velge.