Livet kan vere ein kamp

04.10.2021

Nokre gongar er livet ein kamp. Når livsvegen gjev deg fleire, ulike utfordringar på same tid, kan livet bli ein kamp. Kvar for seg er utfordringane kanskje ikkje av dei største, men summen av dei når dei kjem samtidig kan bli krevande. Det kan bli mykje å handtere. Fleire kampar skal kjempast på same tid. Det tek mykje krefter. Ein blir sliten, både fysisk og psykisk. Negative tankar og tunge kjensler kjem meir og meir i fokus. Ein kan kjenne på motløyse. Kjenne på at kreftene ikkje strekk til. Det kan bli frustrasjon, fortvilelse, tristhet og tårer.

Nokre gongar er livet ein kamp. Då må ein kjempe. Finne måtar å kjempe seg gjennom det på. Jobbe mentalt med seg sjølv. Bruke tankane sine. Jobbe for at dei negative tankane ikje skal få kvele det som tross alt er bra i livet. Jobbe med seg sjølv for å finne og ta tak i dei tankane som representerer det som er godt og bra. Eg seier ikkje at det er lett. Tru meg, det veit eg. Eg veit det veldig godt. Til tross for at eg har gått ein lang og krevande veg for å lære meg dette, kan eg komme i situasjonar der summen av fleire, ulike utfordringar på same tid tynger meg langt ned. Så langt ned at eg nesten ikkje kan sjå det som er godt og bra i livet mitt. Eg må jobbe verkeleg hardt med meg sjølv for at dei negative tankane mine ikkje skal bli til sanning. Eg må jobbe mentalt med meg sjølv for å ta tak i tankane om det som tross alt er, og vil bli, godt og bra i livet mitt. 

For det er det som er greia. Det er tankane våre som er nøkkelen. Vår kognitive evne. Det handler om å bruke tankane. Bevisst velge kva for tankar som skal få størst plass. Det er ikkje lett. Men det er ikkje umogleg heller. Ein kan trene seg opp til å ta meir kontroll over tankane sine. Lære seg å faktisk kunne velge kva tankar som skal få fokus.

Nokre gongar er livet ein kamp. Men det er ikkje berre det. Livet er meir. Det er gode opplevingar. Det gjev moglegheiter. Det har lyspunkt. Det har glede. Ein livsveg går ikkje berre rett fram. Den byr på mangfald. Den har tøffe strekningar og bratte motbakkar. Den har svingar. Nokre som er krappe og kjem brått på. Den har lette strekningar der det er godt å gå. Strekningar der kan ta til seg av det fine og gode, og glede seg over det.

Livsvegen kan by på litt av kvart. Ein møter utfordringar og kampar som må kjempast, og ein møter gode opplevingar og glede. Nøkkelen til livsvegen ligg i tankane våre. Dei tankane som får størst plass, vil prege den livsvegen du går.