Mestring er mestring - på alle nivå

20.10.2021

Mestring treng ikkje å vere dei store tinga. Det treng ikkje å vere det å få til noko som er teknisk eller praktisk vanskeleg og utfordrande. Mestring kan vere dei små tinga. Det kan vere å få til dei små, kvardagslege gjeremåla. Det kan vere dagar som er sånn at det å få til dei små ting og gjeremål i kvardagen, er ein personleg siger. 

Kjensla av mestring over det små er like mykje verdt som kjensla av mestring over det store. Den er like mykje verdt og like viktig. Det er lov å vere fornøgd med seg sjølv og glede seg over å få til dei små ting i kvardagen. Fordi nokre dagar er det bra nok. Det er meir enn bra nok. Det er mestring og det er siger.

Ver fornøgd med deg sjølv over det du får til. Gled deg over kjensla av mestring. Om det er lite eller stort. Fordi alle dagar er ikkje like. Og mestring er mestring - på alle nivå.