Livet har framleis mykje å gje meg

07.05.2021

Det hender at eg blir så inderleg lei. Så inderleg lei av å måtte avslå eller avlyse tilbod eg får, fordi ein smerteplaga kropp avgjer kva eg kan og ikkje kan. Eg blir lei, frustrert, oppgitt og trist.

Men eit år har mange dagar. Ein dag har mange timar. Eg må berre konstatere at det er fleire av dei dårlege dagane og dei dårlege timane no enn før. Men eg får framleis mange gode dagar og timar. Eg får oppleve glede og kvalitetstid saman med menneske som er viktige for meg. Menneske som betyr noko for meg. Eg får framleis oppleve nye ting. Eg får lære og utvikle meg på mange plan.

Ja, det er mange dårlege dagar og timar. Men det er ikkje berre det. Det er også gode dagar og timar, med kvalitet, glede, læring og personleg utvikling. Livsvegen min er meir krevande enn før. Men om eg held ut og løftar blikket når eg kan, viser livsvegen meg at det er verdt å kjempe seg gjennom dei vanskelege strekningane. Fordi den framleis har mykje godt å gje meg.