Når vilje ikkje er nok

24.07.2023

Eg vil så gjerne, men klarer ikkje. Eg vil meir enn eg klarer. Eg forstår det. Eg kjenner på kroppen at eg ikkje alltid klarer det eg vil. Nokre gongar stoppar det av seg sjølv grunna sterke smerter. Så, ja; eg forstår at eg ikkje alltid klarer det eg vil. Eg forstår at eg ikkje klarer det same som før. Men likevel er det vanskeleg å akseptere det. Eg likar ikkje å måtte utebli frå sosiale samvær. Eg likar ikkje å måtte gå i frå halvgjort arbeid. Det gjer noko med meg psykisk. Eg vert frustrert. Eg vert nedstemt. Nokre gongar vert eg fortvila og trist. Eg vil så gjerne, men kan ikkje gjere ting på same nivå som før. Det er vanskeleg å akseptere. Det er ei omstilling som tek tid. Eg må justere ned dei forventningane eg har til meg sjølv. Det krever at eg må lære meg å tenke annleis. Eg kan ikkje samanlikne meg sjølv med den eg var før eg fekk ein kronisk smertetilstand. Eg klarer ikkje det same som før. Det forstår eg. Eg kjenner det jo på kroppen. Men det tek tid å lære seg og leve med det utan at eg straffer meg sjølv med negative tankar og kjensler. Det tek tid å akseptere. Men eg er på veg.