Nokon må vakne!

10.10.2024

I dag er det Verdsdagen for psykisk helse. Ein dag med fokus på psykisk helse. Det er viktig og det er nødvendig. Det er viktig og nødvendig med meir openheit om psykisk helse og psykiske plager. Me må våge å snakke meir om det.

Mitt første møte med psykiatrien går attende til året 1996. Sidan den gong har eg vore kjend med dette systemet, og brukt det i større eller mindre grad opp gjennom åra. Eg personleg kan seie at eg i det store og heile har fått god hjelp. Men slik er det ikkje for alle. Og eg ser dessverre at psykiatri og psykisk helsehjelp verkar å gå baklengs inn i framtida. I dag er det vanskeleg å hjelp. Det er vanskeleg å få rett hjelp til rett tid. Det er for lite av lågterskeltilbod. Det er altfor vanskeleg å få hjelp i spesialisthelsetenesta. Altfor mange får avslag når dei søkjer hjelp. Er ein heldig og får vedtak om rett til psykisk helsehjelp, er ventetida frå vedtak til faktisk hjelp for lang.

Eg kan ikkje (og vil ikkje) forstå at det skal vere slik. For kvart år som går, får me høyre at stadig fleire får psykiske helseplager. Me får høyre at ein er uroleg for denne utviklinga. Men.... Dette er jo ikkje noko som har skjedd "over natta." Det er ei utvikling som har pågått i mange år. Så eg kan ikkje (og vil ikkje) forstå at psykiatri og psykisk helsehjelp vert nedbygd samstundes som behovet aukar. 

Det kan ikkje vere slik at ein ikkje skal ha rett til psykisk helsehjelp før ein vert så alvorleg sjuk at livet potensielt vert øydelagd. Er det meir lønnsomt å ha alvorleg sjuke innlagt på psykiatrisk i månader og år? For å setje det litt på spissen: Er det det som er målet? Å få fleire alvorleg sjuke? Sett utanfrå, kan det nesten verke slik mange gongar. Kvifor kan ein ikkje få hjelp før det utviklar seg til alvorlege og langt meir omfattande plager og, i ytterste konsekvens, tap av liv?  Det kan eg ikkje (og vil eg ikkje) forstå. Nokon må vakne!

Verdsdagen for psykisk helse kjem kvart år. Kvart år vert det sett fokus på psykisk helse denne dagen, med ulike markeringar rundt omkring. Og det er viktig! Men det er ikkje nok. Det er ikkje nok å bruke ord om at det er viktig med fokus på psykisk helse. Nokon må vakne og forstå at psykiatri og psykisk helsehjelp treng å byggjast  opp og ikkje rivast ned!

Til alle dykk som brukar tid og engasjement på markering av Verdsdagen for psykisk helse: Takk for det viktige arbeidet de gjer.