Nokre dagar likar eg ikkje

01.05.2022

Nokre dagar får *tommel-ned*. Eg likar dei ikkje. Det har ingenting med andre menneske eller omstende rundt meg å gjere. Det er heilt personleg. Det handler om mine eigne helseplager. Det handler om at nokre dagar er lidingstrykk i helseplager av ein slik grad at eg ikkje kan fungere. På slike dagar har eg nok med å tåle og vere i det. Det kan vere lange og smertefulle dagar. Eg veit at eg ikkje kan gjere anna enn å tåle det til det blir betre igjen. Det kan gå få dagar eller det kan gå mange dagar. Det veit eg aldri. Og alt eg kan gjere er å vere i det og vente på at lidingstrykket skal lette. Slike dagar får *tommel-ned*. Eg likar dei ikkje!