Nokre gonger må ein kvile

17.02.2023

Nokre gonger må ein gje seg over og akseptere at kropp og sinn treng kvile. Nokre gongar kostar det for mykje å prøve og mobilisere når det eigentleg ikkje er krefter til det. Nokre gonger må ein meistre erkjenninga av at ein ikkje meistrer. Det er ikkje eit nederlag. Det er ikkje å mislykkast. Det er å ta kropp og sinn på alvor og gje seg sjølv tid til å kvile. Det er å byggje seg opp igjen, slik at ein kan kan komme seg vidare. 

Nokre gongar er det slik det er. Nokre gongar må ein kvile