Så lett, men likevel så vanskeleg?

18.11.2021

Det er eit sitat av J.W. Goethe som har festa seg hjå meg: "Nyt når du kan. Hold ut når du må." 

To korte setningar. Ni små ord. Som seier alt. For er det ikkje dette som er essensen i det å leve? Så enkelt. Og så vanskeleg.

Livet går ikkje berre rett fram. Det har ikkje berre gode dagar eller berre dårlege dagar. Det har både det eine og det andre. Det har dagar der livsvegen er lett å gå. Lyse dagar i lett terreng, med gode opplevingar og glede. Livet har også dagar der livsvegen er tung å gå. Mørke dagar med tunge skyer. Bratte motbakkar. Brå, uventa svingar. Vegkryss med vanskelege val. 

Me vil alle møte vanskelege og krevande utfordringar på livsvegen. Utfordringar som i ulik grad vil gripe inn i liva våre. Og me reagerer på dei og handterer dei ut i frå den forutsetninga me har. 

Nokre gongar kan me møte så store utfordringar at me blir fanga i det. Det blir så vondt og vanskeleg at me mister gleda over livet. Det er meir enn nok å skulle tåle å vere i det. "Hold ut når du må." For det går over. Det vil bli lettare igjen. På eit eller anna vis finn me til slutt ein veg ut av det mest smertefulle.

Mykje av livsvegen vil vere god å gå. Me vil møte gode opplevingar som gjev oss glede. Fine og gode stunder. Skape dei gode minna. "Nyt når du kan." Gjer du det? Greier du å nyte, vere i det gode for alt det er verdt? Me menneske har gjerne ein tendens til å ikkje våge nettopp det. Mange gongar har me litt for mykje fokus på noko bak oss som ikkje var bra, eller me uroar oss for at noko dårleg vil komme. Dersom me lever livet med merksemd på noko vondt som var eller noko vondt som kan komme, er det kanskje ikkje så mykje merksemd att til å ta inn det gode som hender? Me kan gå glipp av det. Det går forbi medan me har merksemda vår retta mot det som var eller det som kan komme - noko som me ikkje kan gjere noko med. Fortid er fortid. Framtid er framtid. Det me kan gjere noko med, er her og no. Når her og no er ein vanskeleg periode, kan me fokusere på å halde ut og etterkvart komme oss forbi det. Når her og no er ein god periode, kan me fokusere på å nyte det. 

Livsvegen går ikkje berre rett fram. Den har gode dagar der me kan nyte. Den har dårlege dagar der me må holde ut. Så lett, men likevel så vanskeleg?

"Nyt når du kan. Hold ut når du må." (J.W. Goethe)