Nytt stadium

09.08.2024

Eg har komme til eit nytt stadium. Ei forverring i helsetilstanden. Symptom som gjev meir avgrensing i funksjonsnivå. Eg har visst at det ville komme. Men det er vanskeleg å akseptere. Det er vanskeleg å skulle akseptere meir smerter og avgrensing i funksjonsnivå. Det skaper mange tankar. Tankar om korleis det vil bli framover, fordi eg veit at det vil halde fram med å utvikle seg til forverring. Korleis vil livsvegen vidare bli for meg? Kva liv får eg? I tunge stunder ser det mørkt ut. Det er trist å tenke på eit framtidig liv med stadig meir smerter og nedsett funksjonsnivå.  Eg veit at den sjukdomsdiagnosen eg har vil utvikle seg til gradvis forverring. Men eg kan ikkje vite nøyaktig korleis det vil bli. Eg kan tenke meg til og forestille meg korleis det kan bli, men eg kan ikkje vite nøyaktig. Difor må eg jobbe med meg sjølv mentalt for å ikkje bli fanga i tankar og forestillingar om korleis det kan bli. Eg må jobbe med meg sjølv for at desse tankane ikkje skal få overtak og dra meg ned i ein tung sinnstilstand. Med ein depresjonsdiagnose også, veit eg at eg er er sårbar for det. Det er ikkje lett å halde dei negative tankane på avstand. Eg har lang erfaring og eg har tileigna meg kunnskap om det å jobbe kognitivt med seg sjølv. Men eg er ingen utlært ekspert. Det er ikkje slik at eg berre kan setje i gang med kognitiv jobbing, få det til og så føler eg meg bedre. Det er ikkje lett. Det tek tid, og eg må jobbe hardt for å ikkje bli overvelda av negative tankar og forestillingar om korleis livet mitt vil bli med den smertediagnosen eg har. Om eg let det få overtaket, vil det øydeleggje for livet her og no. Det veit eg. Så eg prøver kvar einaste dag å vende tankane mine bort frå det som kan skje. Slike tankar har ingen hensikt. Dei gjev meg ingen konkrete svar. Dei skapar berre eit mørke i meg som øydelegg for livet her og no.

Joda, eg har komme til eit nytt stadium der eg merkar forverring i smerteplager. Men det er framleis mykje eg er i stand til. Det er framleis mykje eg greier å gjere. Og det er det eg må halde fokus på. Det er ikkje lett. Men eg jobbar for det. Kvar dag. Nokre dagar er det vanskeleg. Andre dagar er det mindre vanskeleg. Nokre dagar er dårlege. Nokre dagar er gode.