Om å halde ut

22.05.2022

Eit langvarig smerteanfall. To veker. 14 dagar med smerter av ein slik grad at eg ikkje kan fungere. Eg må ha ro. Eg blir tvinga til det. Eg "lever i ei boble" - ei smerteboble utan plass til stort anna enn å tåle smertene. Store delar av dagen ligg eller sit eg i ro. Fordi smertene tvingar meg til det.

Ein treng ikkje å vere psykolog for å forstå at ein slik situasjon gjev stort rom for tankane, og at negative tankar trer mest fram.

Eg blir nedfor og trist over det eg mister når eg er i denne situasjonen. Eg mister kvardagane mine. Eg mister sosial kontakt med andre menneske. Eg mister tid. Dag etter dag etter dag med tapt tid. Ja, det gjer meg nedfor og trist. Eg kan også kjenne på frustrasjon og sinne. Fordi eg veit at eg ikkje kan gjere stort meir enn å tåle smertene og halde ut. Smertedempande behandling kan innimellom ta dei verste "toppane" på smerteskalaen. Men likevel er smertegraden på eit nivå som tek frå meg evne til å fungere. Og alt eg kan gjere er å halde ut og vente..... Vente på at smerteanfallet skal avta og "brenne ut" - for denne gongen. 

Det er ikkje lett å akseptere denne situasjonen. Men det må eg. Eg må akseptere og halde ut. For eg skal vidare på livsvegen min. Når dette smerteanfallet er over, skal eg vidare og ta del i det positive og gode som finst i livet.