Rammer i livet

02.03.2022

Det er ikkje lett å akseptere at kroniske helseplager lager rammer i livet. Det er ikkje lett å akseptere at helseplager avgrensar og avgjer kva ein kan og kva ein ikkje kan, og når.

Det kan vere lett å tyde signala frå kroppen i form av smerter som seier tydeleg i frå. Smerter med så høg grad at dei reduserer funksjonsevne ned til eit nivå som ikkje harmonerer med lyst og ønskjer. Ein kan ha lyst til og ønskje så mangt, men å gjennomføre har ein svært høg pris. Det krever enorm mobilisering. Og det får konsekvensar.

Ein kan velge å mobilisere og tøye grensene. Gå utanfor ramma. Ein veit at det får konsekvensar, men likevel gjer ein det no og då for noko ein har verkeleg lyst til. Nokre gongar presser ein seg utanfor ramma for å få meir positivt innhald i livet sitt. Få gode opplevingar. Fordi livet innanfor ramma er så avgrensa. Ein mister mykje av det å leve når livet er inne i ei ramme. Det er ikkje lett å akseptere at livet blir slik - så langt frå det livet ein hadde før, utan kroniske plager og smerter. 

Det er ikkje lett å akseptere at smerter og plager er ein del av kvardagen. Kvar einaste dag. Difor vil ein no og då presse seg til å ta del i ting som hender utanfor ramma si. Men så er det også dagar og periodar der ein må vike for smertene og plagene. Dagar og periodar med så sterke smerte at ein ikkje greier anna enn å berre tåle og vere i dei. Men tankane om alt ein så gjerne vil, greier likevel å få merksemda. Tankar om noko ein skulle ha gjort, noko ein ønskjer å få gjort, noko ein har lyst til, men som ein rett og slett ikkje er i stand til. Og kva hender kjenslene i ein slik situasjon? Jo, ein blir tung til sinns. Det er tunge og triste kjensler av at livet går forbi. Kjensler av å miste. det kan kjennes som ei sorg. Sorg over det ein ikkje lenger kan. 

Det er ikkje lett å akseptere at kroniske helseplager lagar rammer i livet. Men det er heller ikkje bra å presse seg og plage seg sjølv med tankar om det ein ikkje lenger kan. Det tek veldig mykje krefter, og gjev kjensler av frustrasjon, fortvilelse og tristhet. Det er klart at det kan vere vanskeleg å oppleve at livet blir endra av kroniske helseplager. Det kan vere vanskeleg å føle seg som ein tilskuar til det livet ein hadde før helsa svikta. Det er ikkje lett å akseptere at det har blitt som det har blitt. Men det beste ein kan gjere for seg sjølv, er å akseptere det. Å leve livet sitt så godt ein kan med dei forutsetningane som er her og no, sparer ein for mange negative tankar og vonde kjensler. Og det er mogleg å skape seg eit bra liv i rammene sine. Ein må tenke på andre måtar, og kanskje endre syn på kva som er eit bra liv for seg sjølv. Ikkje lett. Men mogleg.