Samhold og solidaritet - kva skjedde?

21.07.2021

22. juli 2011 var dagen då det norske folk fekk oppleve eit grusomt terrorangrep, utført av èin, enkel person med ekstreme haldningar.

Ut av dette fekk orda samhold og solidaritet enno meir styrke. I stadenfor å tenke hevn, ville det norske folk stå fram med samhold, solidaritet, omsorg og kjærleik til kvarandre. For mange har dette fulgt med i dei 10 åra som har gått. Samhold og solidaritet står framleis sterkt for mange av oss. Men likevel ser det ut til at ekstreme meiningar og haldningar har auka. Personar og grupper som sjikanerer, hetser og hater andre på bakgrunn av livssyn, religion, politisk ståstad, etnisitet, hudfarge - dei er framleis ein trussel i samfunnet. Dei fremmer ekstreme meiningar og haldningar som gjer verda farleg å leve i. Og, dessverre, ser det ut til at slike miljø veks seg større og større for kvar dag som går. Det store internettet er ein god rekrutteringsplattform. Menneske som sit åleine framfor ein skjerm fordi dei ikkje har anna å ta seg til, kan vere lett å påverke. Det er så mykje lettare å delta og ytre seg i sosiale media og kommentarfelt. Meiningsytringar kan hisse opp stemninga til å påverke kvarandre. Dei som står fram som leiarar i ekstreme miljø, kan bli som eit idol for dei som sit åleine på andre sida av skjermen. Dei adopterer haldningane. Dei kan oppleve å finne ein tilhørighet i dette. Ein tilhørighet dei ikkje finn ute i samfunnet, gjerne fordi dei er einsame, kjenner seg annleis og utanfor.

Kva skjedde med samhold og solidaritet? Kvar på vegen var det mange som mista dette? Eller aldri fann det? Kvifor greidde me ikkje å halde fast på styrken i det?

Kva er det som gjer at me ikkje ser dei einsame, dei som kjenner seg annleis og utanfor? Kvifor greier me ikkje å fange opp desse før det er for seint? Kvifor kan dei ikkje finne tilhørighet i noko anna enn dei ekstreme gruppene som er så lett for dei å finne på det store internettet?

Det store internettet - eit enormt verktøy som det er veldig mykje bra med. Det gjer livet enklare på mange vis. Men det kan også vere farleg. Veldig farleg. Det veit me alle.

Gjennom nokre år no, har det vore gjort ein stor innsats for å avdekke "det mørke nettet" der seksualisering og overgrep mot barn foregår. Det har ført til at mange av dei som står bak har blitt identifisert og straffa etter lova. Eit godt stykke arbeid som går vidare.

Kanskje ein no etterkvart også skal styrke innsatsen for å slå ned på ekstreme grupperinger? Dersom slike grupper får mindre plass på det store internettet, vil kanskje færre legge merke til dei og bli dradd mot det? Kanskje...?

Eg har ikkje svaret. Eg har ikkje svaret på korleis me skal unngå eit nytt 22. juli. Eg har ikkje svaret på korleis me kan slå ned på ekstreme grupper som hater og hetser andre på bakgrunn av livssyn, religion, politisk ståstad, etnisitet, hudfarge. Eg har ikkje svaret, men eg er bekymra. Eg er redd for det ekstreme haldningar gjer i samfunnet vårt.

For meg er livssyn, religion, politikk, og menneska sin etnisitet og hudfarge eit mangfold som beriker samfunnet. Etter mitt syn har dette ingenting med menneskeverd å gjere. Samfunnet rommer heldigvis ulike menneske, og alle menneske er like mykje verdt.

22. juli - ein dato som vart eit begrep. Me må alle gjere vårt for at det ikkje skal skje igjen.