Som lauv i vinden

15.10.2023

Tankar kan virvle rundt. Som lauv i vinden. Tankar som virvler i eit kaos utan meining. Nokre gongar er det vanskeleg å få tak i dei. Vanskeleg å fange ein einaste tanke som kan gje meining. Ein må berre la dei virvle avgarde, og halde ut kaoset til tankane landar og legg seg til ro. Slik som lauv i vinden før eller seinare landar. Andre gongar klarer ein å få tak i noko. Plukke ned tankar som ein kan sjå nærare på. Og finne meining og forståing i. 

Slik eg ser det, er ikkje det eine eller det andre alltid det rette. Ein må sjølv finne ut av når ein skal la tankane berre virvle og når ein klarer å fange nokre tankar som kan gje meining. Ein må sjølv finne ut av og avgjere kva som er rett,  der og då.

Ein kan lære seg å finne og plukke ned meiningsfulle tankar i eit virvlande kaos. Lære seg å velje vekk tankar, og velje kva tankar ein vil plukke ned. Å fokusere på tankar som kan bli meiningsfulle og forståelege, og la alle andre berre fare, kan skape ro i kaoset. Men det er ikkje alltid ein klarer å få det til. Nokre gongar må ein berre la tankane virvle, og halde ut å vere i det til dei landar legg seg til ro. Som lauv i vinden. Før eller seinare landar dei.