Støtte eit stykke på vegen

06.09.2024

Eg har komme i gang med eit nytt opplegg. Eg har fått plass hjå Fysikalsk Rehab. Fysioterapi og trening med fysioterapeut og manuellterapeut. Lett trening i ei lita gruppe med tilpassa nivå. Å få vere i eit slikt opplegg gjer noko med meg. Det motiverer. Eg får oppfølging, råd og veiledning. Eg kan kjenne at det forplikter når eg har noko slikt å gå til. Det forplikter fordi eg tenker at eg er heldig som får eit slikt tilbod. Men den største plikta er jo til meg sjølv. Eg må følge opp meg sjølv. Det er mitt ansvar å gjere noko for å kunne leve betre med dei plagene eg har. Men det å ha eit fast opplegg å gå til, under veiledning av fagpersonar, gjer det mindre vanskeleg for meg. Eg har følge eit stykke på vegen - noko å støtte meg til, noko som er til hjelp for å halde fokus på den vegen eg skal gå.