Takksemd

03.06.2021

Eg har mine plager og smerter, men eg har også mykje å vere takksam for. Eg har gode menneske rundt meg. Slekt og familie. Vener og kjende. Menneske som eg trives saman med. Menneske som betyr noko for meg, som eg er glad i. Eg har mine gode dagar og periodar. Då kan eg bruke dei ressursane eg framleis har. Eg kan vere meir aktiv og deltakande. Eg kan vere sosial. Eg let meg glede, og eg kan gje glede til andre. 

Eg har mine plager og smerter og dårlege dagar, men eg har ikkje berre det. Eg har også gode dagar. Eg har eit liv som eg kan bruke til å gje og ta i mot, i samspel med andre. Eg kan ikkje fungere heilt slik som mange andre. Men eg kan fungere på min måte. På gode dagar kan eg vere aktiv, deltakande og sosial. Eg kan samle på gode opplevingar. Lagre dei i minnet mitt, og ta det fram igjen i tankane når dei dårlege dagane kjem. Eg kan tenke på det gode eg har fått vere med på, og vite at livet mitt er meir enn plager og smerter. Og eg kan tenke på at eg framleis har gode opplevingar framfor meg også. Dårlege dagar går over. Det har eg mange erfaringar på. Og etter dårlege dagar kan det komme gode dagar. Gode dagar som gjev meg påfyll psykisk og mentalt. 

Eg har mine plager og smerter, men eg har også mykje å vere takksam for.