Tankane har makt, men det har du også

02.05.2021

Tankane våre har stor makt. Dei påverkar oss. Dei påverkar korleis me oppfattar og ser på verda rundt oss. Tankane er alltid med oss. Det er ikkje mogleg å tømme hovudet for tankar. Me har alltid tankar i hovudet. På godt og vondt.

Tankane lagar indre bilete. Når me tenker på noko som har hendt, noko som ligg i fortida, ser me det for oss i minnet. Dersom det handler om negative og vonde hendingar, kan det å tenke for mykje på det vere øydeleggjande. Det skaper repeterande, indre bilete, og me føler at me gjenopplever det. Når det er slik, er det vanskeleg å bli ferdig med det. Det er vanskeleg å legge bak seg.

Når me tenker på noko som ligg framfor oss, noko som skal eller kan hende, ser me det for oss i tankane. Me får indre bilete og førestellingar om korleis det kan bli. Det skaper forventningar eller bekymringar.

Tankane våre lagar indre bilete av minner og førestellingar, og det påverkar kjenslene våre. Når me har tankar som lagar gode indre bilete og førestellingar, får me positive forventningar og gode kjensler. Me kan kjenne glede. Når tankane lagar negative og vonde indre bilete og førestellingar, får me såre og vonde kjensler. Me kan kjenne angst, tristhet og sorg.

Gode indre bilete og førestellingar om det som ligg framfor oss, kan bli til vonde kjensler. Me kan bli skuffa. Me kan oppleve svik. Bli triste. Det som ligg framfor oss, det som enno ikkje har hendt, er på sett og vis fantasi. Me kan ikkje lage eit nøyaktig bilete av det som ligg i framtida. Og difor vil me stort sett kunne handtere at forventningar ikkje innfrir heilt som me hadde tenkt.

Indre bilete om noko som var vondt i fortida, kan av og til setje seg så fast i tankane at det blir øydeleggjande for det livet som er her og no. Repeterande indre bilete om vonde opplevingar me har hatt, kan vekse seg så store at det ikkje er plass til noko anna. Det får fram dei såre og vonde kjenslene. Me kan bli så overmanna at det hindrer oss i leve det livet me helst vil ha.

Tankar påverkar oss. Dei påverkar kjenslene. Dei påverkar livet. Dei er med på å forme oss og dei val me tek. Tankane er alltid med oss. Me vil aldri kunne slette tankar frå hovudet vårt. Så om me har tankar som me helst ikkje vil ha, må me rett og slett erstatte dei med andre tankar. For det er mogleg. Det er mogleg å velge kva tankar som skal få størst plass. Me kan velge å hente fram tankar som er meir hensiktsmessige og nyttige, tankar som gjer oss godt. For dei er der. Me har dei i oss.

Me kan overvinne ein negativ tanke med ein positiv. Det vil påverke oss. Det vil påverke korleis me oppfattar og ser verda rundt oss. Og ikkje minst; det vil påverke kjenslene våre. Å bruke tankane på ein slik måte, kan endre korleis me har det på innsida. Og det kan gjere livsvegen litt lettare å gå.

Eg seier ikkje at det er lett å gjere dette. Eg veit veldig godt at det ikkje er lett. Men det er mogleg å trene seg opp til å ta meir kontroll over tankane. Det er mogleg å lære seg til å overvinne negative tankar med positive tankar.

Tankane har stor makt, men det har du også. Du har makt til å endre dine tankar!