Til lukke med grunnlovsdagen

17.05.2024

Ein dag for feiring. Feiring av fridom og sjølvstende. Ein dag for glede og takksemd. Men også ein dag for ettertanke. Krigar herjar andre stader i verda. Store tap på grusomme vis. På ein gledens dag i vårt lille land, kan me også ta oss tid til å reflektere. Gje ein tanke til dei som opplever grusomme forhold, dei som ikkje er så heldige som oss. Vårt land har også vore i krig. Det var menneske som gjekk før oss og kjempa for den fridomen me har i dag. Me må ikkje gløyme det. Og me må ikkje gløyme dei som står i slike kampar, samstundes som me feirer vår fridom og vårt sjølvstende.

Grunnlovsdagen - ein dag for feiring, glede, takksemd og ettertanke. Til lukke med dagen!